Vald mot kvinner i tradisjonens namn
Foto: Juliana Cuncha/Flickr.

Tekst:

Borghild Berge

Publisert: 23.04.2018    Redigert: 23.04.2018

Skadelege skikkar basert på tradisjon, kultur, religion og overtru rammar kvinner gjennom heile livsløpet og ofte blir den same kvinna utsett for fleire former for skadelege praksisar.

Fellesnemnaren for alle skadelege praksisar er at dei er forankra i sosiale normer som blir oppretthaldne av underliggande kjønnsstrukturar og maktforhold. Skadelege praksisar blir ofte brukt som eit middel for å verna om lokalsamfunnet si «ære» og for å kontrollera kvinner – særleg kvinners kroppar og seksualitet.

Skadelege praksisar bryt med kvinner og jenters universelle menneskerettar og utgjer ei ekstrem form for kjønnsdiskriminering.

Uønskte jentebarn

Kjønnsdiskrimineringa begynner faktisk allereie før jenter blir fødde. I land som Kina, India, Armenia og Aserbajdsjan er kjønnsseleksjon ein utbreidd skadeleg praksis, ettersom gutebarn blir sett på som meir verdifulle enn jentebarn. Kvinner som er planlagt gravide aborterer bort friske jentefoster og nyfødde jentebabyar blir drepne av familien – berre fordi dei har feil kjønn. Ofte skjer dette på bakgrunn av tvang frå ektemann, svigerfamilie og andre, og det sosiale presset aukar dersom eit ektepar har éi eller fleire døtrer frå før.

Gutefødslar blir feira, medan jentefødslar blir forbigått i det stille. Mødrene blir også gjerne straffa dersom dei berre føder døtrer.

HØYR OGSÅ: Borghild Berge snakka om favorisering av gutar og kjønnsseleksjon i Studio 2 på P2 her.

Skeiv kjønnsbalanse fører til menneskehandel

Resultatet av at jenter blir systematisk valt bort i enkelte land er ein skeiv kjønnsbalanse, som har store demografiske og sosiale konsekvensar. I Kina er det i dag over 32 millionar fleire menn enn kvinner, ifølgje landets nasjonale statistikkbyrå. Den skeive kjønnsbalansen gjer det stadig vanskelegare for gifteklare kinesiske menn å finna ein partnar, og situasjonen er særleg alvorleg på landsbygda der kjønnsdiskrimineringa og favoriseringa av søner står sterkast. Ekspertar er bekymra for at den skeive kjønnsbalansen igjen vil føra til meir vald mot kvinner, blant anna i form av menneskehandel. Det finst mange eksempel på at fattige kvinner og jenter frå Vietnam blir smugla til Kina og tvangsselt som koner til desperate kinesiske menn.


Medgiftsrelatert vald i Sør-Asia

Det er ulike kulturelle årsaker til at jenter blir sett på som ei byrde i fleire land. I India er det blant anna relatert til praksisen med betaling av medgift, som betyr at brura sin familie betalar pengar og andre verdiar til brudgommen sin familie ved ekteskapsinngåing. Dette har tradisjonelt vore meint som ein kompensasjon til brudgommen for at han må forsørga kona si livet ut. Betaling av medgift er ulovleg i India, men blir framleis praktisert i skjul.

Medgiftsrelatert vald er ein skadeleg praksis som er mest vanleg i sørasiatiske land som India, Pakistan, Sri Lanka og Bangladesh og viser til vald mot kvinner som skjer på grunn av ueinigheit om medgift. Ofte meiner ektemannen og familien hans at kvinna ikkje har nok medgift med seg inn i ekteskapet. Jenter som blir sett på som «stygge», eller som har nedsett funksjonsevne, er ekstra sårbare, fordi brudgommen og familien då gjerne krev endå større medgift. Vanlege former for medgiftsrelatert vald er fysisk vald, valdtekt, syreangrep og konebrenning, men kvinner blir også myrda eller tvungne til å ta sjølvmord.


Kjønnslemlesting – eit globalt problem

Verdas land har forplikta seg til å avskaffa alle skadelege praksisar som rammar kvinner og jenter – og kampen mot kjønnslemlesting, barneekteskap og tvangsekteskap blir nemnt spesielt i FNs berekraftsmål.

Kjønnslemlesting omfattar alle inngrep som inneber delvis eller fullstendig fjerning av dei ytre kvinnelege kjønnsorgana, eller annan skade på kvinner sine kjønnsorgan utan medisinsk grunn.

Studiar viser at jenter på landsbygda sannsynlegvis er meir utsette for kjønnslemlesting, blant anna fordi det er breiare støtte for å vidareføra praksisen på landsbygda.

Det finst ikkje sikre tal på kor mange kvinner og jenter som har vore utsette for kjønnslemlesting, men UNFPA og UNICEF anslår at over 200 millionar kvinner og jenter i verda er blitt kjønnslemlesta i dei 30 landa der det finst tilgjengeleg statistikk.

Den skadelege praksisen er særleg utbreidd i Afrika – i eit belte frå Senegal i vest til Etiopia i aust, samt i land i Midtausten som Irak og Jemen, og i visse asiatiske land som Indonesia. Nye studiar viser at kjønnslemlesting er eit globalt fenomen som også eksisterer i land som Colombia, India, Malaysia, Oman og Saudi Arabia. På grunn av auka migrasjon frå landa som praktiserer kjønnslemlesting dei siste tiåra, eksisterer praksisen no også i Europa, Australia og Nord-Amerika.


Vil kontrollera kvinners seksualitet

Det finst fleire former for kjønnslemlesting og det er ulike grunnar til at kjønnslemlesting framleis blir praktisert.

I nokre samfunn blir kjønnslemlesting sett på som eit nødvendig overgangsritual for å markera overgangen frå barn til vaksen, medan det i andre samfunn blir sett på som ein føresetnad for å kunna gifta seg. Blant anna blir det argumentert med at praksisen er nødvendig for å kontrollera kvinners seksualitet. Dersom deler av kjønnsorgana, spesielt klitoris, ikkje blir fjerna, blir det hevda at kvinners seksualitet blir umetteleg. Kjønnslemlesting skal bidra til å sikra at kvinna er jomfru før ekteskapet og at ho er trufast etterpå, og det blir også sagt at kjønnslemlesting bidrar til å auka mannens seksuelle nyting.

I andre samfunn blir kjønnslemlesting sett på som eit religiøst krav, sjølv om det ikkje finst dekning for dette verken i islam eller kristendom.

I tillegg speler økonomiske faktorar inn; i samfunn der kvinner i stor grad er avhengige av menn, må dei gjennomgå kjønnslemlesting for å kunna gifta seg, og dette er også nokon gonger ein føresetnad for retten til å arva. For dei som utfører kjønnslemlesting, kan dette også vera ei stor inntektskjelde.


Jenter på landsbygda blir gifta bort som barn

Kjønnslemlesting er i mange samfunn direkte relatert til barneekteskap. I utviklingsland blir éi av fire jenter gifta bort før dei er 18 – og éi av sju før dei er 15. Fattige jenter på landsbygda er særleg utsette for barneekteskap, i enkelte land i Vest- og Sentral-Afrika og i Latin-Amerika er det dobbelt så mange barneekteskap på landsbygda som i byane.

Å bli gifta bort som barn reduserer sjansen for å få utdanning og aukar sannsynlegheita for tenåringsgraviditet, noko som igjen aukar sjansen for alvorlege helseskadar – og i verste fall død – i samband med utrygge abortar, graviditet og fødsel.


Korleis kan me avskaffa skadelege praksisar?

Skadelege praksisar som rammar jenter og kvinner er ei ekstrem form for kjønnsdiskriminering og har sitt utspring i sosiale normer i samfunnet. For å kunna bekjempa skadelege praksisar er det viktig å sjå dei ulike formene for skadelege praksisar – og vald mot kvinner generelt – i samanheng, og FN og andre aktørar har som mål å i større grad samordna arbeidet mot skadelege praksisar.

UN Women publiserte nyleg ein rapport om likestilling og berekraftsmåla og viser der til fem hovudtiltak for å bekjempa skadelege praksisar og vald mot kvinner:

  1. Innføra lover mot alle skadelege praksisar
  2. Sørga for at lovene blir gjennomført og handheva
  3. Gi jenter og kvinner som har vore utsette for skadelege praksisar tilgang til tenester, særleg dei mest sårbare – slik som jenter og kvinner på landsbygda
  4. Arbeida aktivt for å utfordra og endra dei underliggande maktstrukturane som diskriminerer jenter og kvinner. Her trengs det innsats både for å endra haldningar og åtferd, sosiale normer og styrka kvinner sine økonomiske rettar.
  5. Arbeida for å betra tilgangen på statistikk om skadelege praksisar, både når det gjeld utbreiing og kva som blir gjort for å avskaffa skadelege praksisar.

FAKTABOKS: Skadelege praksisar

Kjønnsseleksjon og favorisering av gutar

• FN anslår
at rundt 117 millionar kvinner er «sakna» i Asia og Europa som følgje av at jentebarn systematisk blir valt bort.

• Den skadelege praksisen er mest utbreidd i Kina, India, Vietnam, Bangladesh, Nepal, Singapore, Aserbajdsjan, Armenia, Georgia, Makedonia og Montenegro (UNFPA).

Medgiftsrelatert vald
I India er det rundt 8000 medgiftsrelaterte dødsfall kvart år. Ofte blir kvinnene brent levande eller tvinga til å ta sjølvmord, fordi dei ikkje klarer å innfri brudgommen og svigerfamilien sine krav til medgift i form av pengar, smykke eller bilar (BBC, 2017).

Kjønnslemlesting
• Prosentandel kvinner mellom 15 og 49 år som er kjønnslemlesta i utvalde land (Unicef, 2015):
Somalia: 98 prosent
Guinea: 97 prosent
Djibouti: 93 prosent
Sierra Leone: 90 prosent
Mali: 89 prosent
Egypt: 87 prosent
Sudan: 87 prosent
Eritrea: 83 prosent
Burkina Faso: 76 prosent
Gambia: 75 prosent

Barneekteskap
• Dei 20 landa med dei høgaste barneekteskapsratane: Niger, Den sentralafrikanske republikk, Tsjad, Bangladesh, Burkina Faso, Guinea, Mali, Sør-Sudan, Mosambik, India, Somalia, Nigeria, Malawi, Eritrea, Madagaskar, Nicaragua, Etiopia, Uganda, Sierra Leone og Den demokratiske republikken Kongo (Unicef, 2017).

• I utviklingsland skjer ni av ti tenåringsfødslar innanfor ekteskap eller ekteskapsliknande forhold. I desse landa er komplikasjonar i samband med svangerskap, utrygge abortar og fødslar blant dei leiande dødsårsakene blant tenåringsjenter i alderen 15 til 19 år (UNFPA).

Andre former for skadelege praksisar

  • Konekidnapping: Skadeleg praksis i visse kulturar der unge jenter blir bortførte og tvinga til å gifta seg med kidnapparen sin. Jenta blir ofte utsett for valdtekt av kidnapparen, fordi dette gjer at ho mister jomfrudomen og ikkje vil kunna gifta seg med andre. Jenta sine foreldre vil til slutt ofte godta ekteskapet for å ivareta familien si såkalla «ære». Praksisen er vanleg på landsbygda i Sentral-Asia og Kaukasus, i Etiopia og enkelte andre afrikanske land, Tsjetsjenia og Kirgisistan.
     

  • «Æresbasert» vald: Vald og drap utført mot ei jente eller kvinne av familiemedlemmer, fordi dei er av den oppfatning at ho har brakt skam eller vanære over familien. Oftast er dette relatert til seksualitet og ekteskap. Ifølgje FN skjer det minst 5000 «æresdrap» i året. «Æresdrap» er rapporterte i blant anna Pakistan, India, Egypt, Jordan, Libanon, Marokko, Syria, Irak, Tyrkia og Jemen, i tillegg til i vestlege land – i all hovudsak på grunn av migrasjon.
     

  • Konearving: I enkelte samfunn blir enker tvinga til å gifta seg med sin avdøde manns bror, eller eit anna mannleg medlem av svigerfamilien. Dette skjer i det sørlege Afrika, blant anna på landsbygda i Uganda, Sør-Sudan, Tanzania og Kenya.
     

  • Hekseforfølging: Gjennom historia har kvinner blitt forfølgde, torturerte og drepne, fordi dei har vore skulda for å vera hekser – og dessverre held denne skadelege praksisen fram i dag. Sikre tal finst ikkje, men FN anslår at dette rammar fleire tusen kvinner og barn kvart år i ulike deler av verda. Det er rapportert om spesielt mange tilfelle i Den demokratiske republikken Kongo, Tanzania, Sør-Afrika, Ghana, Angola, Nigeria, India, Nepal og Papua Ny Guinea.
     

  • Jomfrutesting: I mange lokalsamfunn er det framleis eit krav at ei kvinne må vera jomfru fram til ho giftar seg og enkelte stader blir nedverdigande jomfrutestar gjennomførte for å kontrollera at kvinner ikkje har hatt sex. Dersom kvinna ikkje får godkjent testen, blir ho ofte utsett for vald og stigmatisering og blir gjerne skulda for å vera prostituert. Dette blir framleis praktisert i land som Sør-Afrika, Afghanistan, Indonesia og Egypt.
     

  • Bryststryking: Bryststryking er ein skadeleg praksis der brysta til unge jenter blir masserte og banka med harde, oppvarma gjenstandar for å stoppa veksten av brystene. Denne skadelege praksisen er særleg utbreidd i Kamerun, der éi av fire jenter har vore utsette for bryststryking, men praksisen finst også i Guinea-Bissau, Tsjad, Togo, Benin og Guinea. Bryststrykinga blir ofte utført av jentene sine mødrer med mål om å forhindra valdtekt og uønskt seksuell merksemd frå menn, som gjerne meiner at unge jenter er klare for sex så snart brysta deira begynner å veksa.

VIL DU STØTTE FOKUS I KAMPEN FOR KVINNERS RETTIGHETER?

BLI FAST GIVER

Relaterte artikler

Publikasjoner

Human rights in Colombia 2013-2017

Last ned

Derechos humanos en Colombia 2013-2017

Last ned