Når jentebarn systematisk blir valt bort
I nokre land blir gutebarn sett på som meir verdifulle enn jentebarn. Foto: James Yeo/Flickr.

Publisert: 05.03.2018    Redigert: 05.03.2018

Favorisering av gutar og kjønnsseleksjon er ein utbreidd skadeleg praksis i land som Kina, India, Armenia og Aserbajdsjan, ettersom gutebarn blir sett på som meir verdifulle enn jentebarn. Måten jentebarn blir valt bort på er ved at kvinner som er planlagt gravide aborterer bort friske jentefoster, eller ved at nyfødde jentebabyar rett og slett blir drepne – berre fordi dei er jenter.

Krav om å føda gutebarn

Bortvelginga av jenter skjer ofte på grunn av tvang frå ektemann, svigerfamilie og andre, og det sosiale presset aukar viss eit ektepar har éi eller fleire døtrer frå før. Kvinner som berre føder jenter risikerer å bli straffa av både ektemann og svigerfamilie – i enkelte tilfelle vel menn faktisk å forlata konene sine på grunn av dette.

Favoriseringa av gutar kan også føra til at jenter blir diskriminerte innanfor familien, for eksempel ved at dei får mindre mat og færre vaksinar enn brørne sine, eller at det blir sett på som mindre viktig at jenter får utdanning.

Asia, Kaukasus og Balkan

Dette har lenge vore eit stort problem i Kina og India, men i takt med at fleire land har opplevd fall i fertiliteten, altså at folk får færre barn, og samtidig har fått tilgang til ny teknologi som gjer det mogleg å fastslå kjønnet tidleg i graviditeten, har dette også blitt eit problem i Kaukasus, nærmare bestemt i Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, og i seinare tid også på Balkan i land som Montenegro, Albania og Makedonia, i tillegg til i nye land i Asia som Vietnam og Singapore.

Stor overvekt av menn i gifteklar alder

Resultatet av at jenter blir systematisk valt bort i enkelte land er ein skeiv kjønnsbalanse, som har store demografiske og sosiale konsekvensar. I Kina er det i dag over 32 millionar fleire menn enn kvinner, ifølge landets nasjonale statistikkbyrå. Dette gjer det stadig vanskelegare for gifteklare kinesiske menn å finna ei kone. Ekspertar er bekymra for at den skeive kjønnsbalansen igjen vil føra til meir vald mot kvinner, blant anna i form av menneskehandel. Det finst mange eksempel på at fattige kvinner og jenter frå Vietnam er blitt smugla til Kina og tvangsselt som koner til desperate kinesiske menn.

Manglande likestilling er hovudproblemet

Bakgrunnen for at jenter systematisk blir valt bort er manglande likestilling mellom kvinner og menn, jenter og gutar. Det som går igjen i fleire land er at jenter blir sett på som ei byrde, medan gutar blir sett på som dei som bringer familienamnet vidare, tar vare på familien og representerer økonomisk sikkerheit for framtida. Tradisjonelt sett har jentene også ofte flytta til sine svigerfamiliar etter at dei  er gifte.

Favorisering av gutar og kjønnsseleksjon er dessverre berre éin av mange skadelege praksisar basert på tradisjon, kultur, religion og overtru som rammar jenter og kvinner i verden i dag. Andre skadelege praksisar er for eksempel kjønnslemlestelse og barneekteskap. Skadelege praksisar bryt med jenter og kvinners universelle menneskerettigheiter og utgjer ei ekstrem form for kjønnsdiskriminering. Det som er felles for dei alle er at dei er forankra i sosiale normer som blir oppretthaldne av underliggande kjønnsstrukturar og maktforhold som diskriminerer jenter og kvinner.

Må utfordra dei underliggande maktstrukturane

For å avskaffa kjønnsseleksjon og andre skadelege praksisar som rammar jenter og kvinner, må me ta tak i den eigentlege årsaka, nemleg dei underliggande maktstrukturane som diskriminerer kvinner og som gjer at jenter blir sett på som ei byrde, medan gutar er ei investering for framtida.

Målet er at det skal bli like verdifullt for familiar å få ei jente som å få ein gut, og gjerne også fleire jenter.

Her trengs det innsats for å endra haldningar og åtferd, slik at det blir meir likestilling mellom kvinner  og menn, jenter og gutar. Og kvinner og jenters rettar må styrkast på alle område, inkludert dei økonomiske. Om me skal klara dette innan 2030, må me verkeleg auka innsatsen – men ingenting er umogleg om me jobbar saman og på mange frontar samtidig.

Publikasjoner