I nytt innspel krev FOKUS at norske bedrifter respekterer menneskerettane

Publisert: 30.03.2020    Redigert: 30.03.2020

Fyrst av alt er vil FOKUS gratulera utvalet med eit solid stykke arbeid og me stiller oss heilhjarta bak hovudlinene i framlegget; at alle bedrifter har ei kunnskaps- og informasjonsplikt om risiko for brot på menneskerettar i leverandørkjeda og om korleis dette vert handtert, samt kravet om aktsemdsvurderingar, slik dette er nedfelt i FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar (UNGP). Her viser me ogso til det nylege arbeidet til mellom anna FNs Høgkommissær for menneskerettar, A Gender lens to the UNGPs, som tydeleggjer viktigheita av kjønnsperspektivet i aktsemdsvurderingar.

Når det gjeld sjølve føremålet stussar me på rekkefylgja slik det står i §1. Rett nok var ein sentral del av føremålet med opprettinga av utvalet å sikra forbrukarane tilgang til informasjon om produksjonsvilkåra for varene dei kjøper, men formuleringa gjev inntrykk av at forbrukarane sin rett til informasjon er det viktige, med bidrag til å «…fremme virksomheters respekt for grunnleggende menneskerettigheter og anstendig arbeid» som ein sekundær effekt, snarare enn det overordna målet. FOKUS meiner dette bør endrast ved å definera fremme av grunnleggande menneskerettar og anstendig arbeid som hovudføremålet til lova, med retten til å ta informerte kjøpsval som eit sentralt verkemiddel

Om lova sitt verkeområde. Slik lovframlegget er formulert i  §2. (1), kan det hevdast at det ikkje omfattar norske verksemder, dvs. med norsk hovudkontor eller på anna vis kontrollert av norske aktørar, som sel varer og tenester berre utanlands. Risikoen for brot på grunnleggande menneskerettane i leverandørkjeda har ingen direkte korrelasjon med kven som sluttkunden, noko som ogso bør reflekterast i lova. Me føresler difor at det leggast til eit vedheng i § 2. (1), som kan sjå slik ut: «…, samt virksomheter med base i Norge som tilbyr varer og tjenester på det internasjonale markedet.

Kvinners menneskerettar er ikkje andre enn dei som gjeld for menn. Men risikoen for å verta utsett for brot er annleis. Og konsekvensane vil ofte vera ulike for kvinner og menn:71% prosent av alle som lever i moderne slaveri er kvinner og 70 land manglar lovverk mot kjønnsbasert diskriminering.
ILO vedtok i 2019 ein ny konvensjon mot vald og trakassering på arbeidsplassen, ILO C190, som eit viktig verktøy i kampen mot mellom anna kjønnsbasert vald, seksuell trakassering og diskriminering av særleg kvinner på arbeidsplassen. Utkastet har fleire referansar til kravet om lik handsaming av kvinner og menn, særleg i punkt 13.3.4 (s 88), og det faktum at dette altfor ofte ikkje er tilfelle. FOKUS støttar dette, samt vektlegginga av at kvinner og barn er ekstra utsette for menneskehandel og meir sårbare enn andre som migrantarbeidarar. Samstundes etterlyser FOKUS ei tydelegare understreking av at seksuell trakassering, utpressing og kjønnsbasert vald retta mot kvinner er tydeleg til stades i globale leverandørkjeder som endar opp i Noreg. Og at norske bedrifter må få hjelp og støtte, kompetanse og ressursar, for å kunna bidra til å betra situasjonen for dei mange kvinnene i våre leverandørkjeder som i dag er utsette for brot på rettane sine.

Lovutkastet har eit fokus på produksjonsstad, det stiller me oss bak. Samstundes er det ingen tvil om at produksjon av varer til tider medfører brot på rettane for menneske og lokalsamfunn utanfor sjølve produksjonsstaden. Det kan handla om beslaglegging av landareal i samband med utbygging av til dømes gruver, damanlegg eller fabrikkar, ureining av drikkevatn som i garving eller klesproduksjon, eller overdriven bruk av makt frå sikkerheitsstyrkar og vaktar mot lokalbefolkinga. Kvinner er ofte ekstra utsette for valdtekt og andre seksuelle overgrep. FOKUS tek til orde for at ansvaret for å bidra til vern at menneskerettane til dei som vert indirekte berørt av produksjonen vert tydeleggjort i lovteksten.
 

Til sist vil me understreka viktigheita av det leggast til rette for eit støtteapparat med tilstrekkeleg kompetanse og ressursar for å støtta bedriftene i arbeidet med å ivareta grunnleggande menneskerettar og anstendig arbeid i eiga verksemd og i leverandørkjedene. Dei faktiske utfordringar i omfang og natur, og dermed løysinga på desse, vil variera med mellom anna storleik, modenheit, bransje og kva varene vert produserte. Me vil difor oppmoda Stortinget til å legga til rette for eit tilsvarande mangfald i støtteapparatet. Rett nok vil det vera naturleg å legga tilsyns- og kontrollfunksjonen med etterlevinga av pliktene til sentral(e) organ, men erfaringsmessig vil bedriftene trenga støtte frå aktørar med ulike kompetanse for å kunna sikra god framdrift i arbeidet.

 

Publikasjoner

La nueva revista de FOKUS Colombia

Last ned

La nueva revista de FOKUS Colombia

Last ned

Nuevo Informe sobre la 1325 en Colombia

Last ned