Fleire med i kampen for likestilling i verdikjeda
Bilde: FOKUS

Publisert: 18.12.2020    Redigert: 18.12.2020

FOKUS gratulerer Care, Virke og PwC med den nylege rapporten om Likestilling i verdikjeda. Rapporten peikar på at dei fleste norske selskap retningsliner som omfattar visse kjønnsrelaterte klausular, men at det er få som har vurdert og inkorporert kjønnsperspektivet på ein heilskapleg måte i sine aktsomheitsvurderingar. I kampen for like rettar for begge kjønn i arbeidslivet trengs alle gode krefter. Som det står i rapporten, «Gender equality is a question of fundamental human rights, and a desirable goal in and of itself, but also a driver of corporate performance.

Kvinner har ikkje andre menneskerettar enn menn. Men risikoen for å bli utsett for brot ser annleis ut for kvinner, og konsekvensane vil ofte vera ulike for kvinner og menn.

Ein jobb på ein tekstilfabrikk er ein god inngang til arbeidslivet for mange unge kvinner. Om lag 70% av dei 40 millionar arbeidarane i den globale tekstilbransjen er kvinner. Men dei fleste i leiande posisjonar er menn, og seksuell trakassering og kjønnsbasert vald er ein del av arbeidskvardagen for mange.

FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar, UNGP, og OECD sine retningsliner for fleirnasjonale selskap er dei to leiande globale rammeverka for korleis næringslivet skal forholda seg til menneskerettar. Dei slår fast at eit selskap er ansvarleg for å kartlegga risikoen for at verksemda bidreg til, ogso indirekte, brot på menneskerettane. Og at selskapet set i verk tiltak for å redusera risikoen, og/eller kompensasjonstiltak dersom nokon allereie har fått rettane sine brotne. Kvinners rettar og likestilling er ein integrert del av dette, og er ogso løfta fram i bærekraftsmål nr 5: Likestilling mellom kjønnene, Oppnå likestilling og styrke jenters og kvinners stilling i samfunnet

FOKUS sitt nyutvikla verktøy, SheDil, hjelper selskaper med å ivareta kvinners og jenters rettigheiter i sin virksomhet. Det set brukaren i stand til å forstå korleis risikoen for, og konsekvensane av, brot på menneskerettane i næringsliv påverkar kvinner. Dette viktige verktøyet omfattar ikkje berre på leverandørkjeder, men har eigne modular for eigen verksemd, rolla til agentar og mellommenn, og lokalsamfunnet.

FOKUS ser fram til å samarbeida med både Care, Virke, PwC og alle andre som er engasjerte i kampen for kvinners rettar i arbeidslivet, heime og ute.



Les meir om SheDil.

Ynskjer du å vita meir om SheDil eller ta i bruk SheDil i din bedrift?
Kontakt Per N. Bondevik, Seniorrådgivar analyse og utvikling og ansvarleg for SheDil,
pb@fokuskvinner.no  

Publikasjoner

La situación de las defensoras de Derechos Humanos después del Acuerdo de Paz

Last ned

UNDESA Report on COVID-19 and the SDGs

Last ned

En global skyggepandemi: Et blikk på vold mot kvinner i Asia, Afrika, Europa og Latin-Amerika i lys av covid-19-pandemien

Last ned