Gå direkte til navigasjon Gå direkte til innhold Gå direkte til login box

Likestilling og utdanning er nøkkelord når eit land skal reise seg etter krig og konflikt

Foto: Ingeborg Tangeraas

Framleis er det folkemord dei fleste tenker på i samband med Rwanda, og det er meir ukjent at landet har gått gjennom ei gjenoppbygging som verda truleg aldri har sett maken til. Politisk vilje med fokus på likestilling og utdanning, oppgjer med fortida og vekt på tilgiving står sentralt i kampen for at folk og land skal komme seg på fote etter ein av dei verste hendingane i moderne tid.

07.03.2012 Av: Ingeborg Tangeraas, Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Dei fleste av oss veit lite om kva som skjedde med folket i Rwanda i tida etter dei grufulle månadane i 1994, og me har også problem med å forstå korleis eit land kan reise seg igjen etter 100 dagar med nedslakting av mellom 800 000 og ein million tutsiar og hutuar. At vanlege menneske frå same folk og kultur frå april til juli 1994 skulle ta livet av kvarandre med verdssamfunnet som tafatte og hjelpelause tilskodarar, gjer Rwanda si historie til eit internasjonalt mareritt.

Marie-Claudine Mukamabano frå Rwanda er på FN sin 56. kvinnekommisjon for å få fram heimlandet si historie og for å hjelpe andre kvinner frå konfliktfylte område og land. – Det første spørsmålet du må stille deg når galskapen er over er om du skal tilgi eller hemne, seier ho stille. – Eg mista far, søster, besteforeldre, onkel, tante og søskenbarn. Berre mor og eg var igjen av familien då me nådde fram til flyktningleiren. Men ingen stadar i Rwanda var trygge på den tida og mor vart drepen i flyktningleiren. Då var eg knapt 14 år og heilt åleine. Den uendelege sorga blei sakte erstatta med tankar om hat og hemn. Men eg fann ingen å la hatet mitt gå ut over. Alle i leiren var i same situasjon, og ut frå alt foreldra mine hadde lært meg i oppveksten, klarte eg å snu desperasjonen til kjærleik og bestemte meg for å tru på at det var grunn til å leve vidare. Eg hadde ingen, men ville vere nokon, vart mottoet mitt, og målet mitt er framleis at mor skal vere stolt av meg.

Likestilling, ei hovudsak for suksess
Kvinneorganisasjonane som vart danna i Rwanda etter FN sin kvinnekonferanse i Nairobi i 1985, vart viktige for både kvinner som  Marie-Claudine Mukamabano og Rwanda si framtid. Senter for kvinnekultur og utvikling spela ei sentral rolle både for henne og for den felles dugnaden med å få landet på beina igjen etter at 80 prosent av dei overlevande hadde opplevd overgrep på nært hald. –Det viktigaste var at den politiske viljen og kunnskapen var til stades, meiner Marie-Claudine Mukamabano. – Me visste me måtte klare oss sjølve, alle fekk ta del i gjenoppbygginga og alle fekk personleg ansvar. Frå president til grasrot i by og landsby vaks det også fram ei felles forståing for at likestilling måtte vere ei hovudsak for å få suksess.

Likestillinga var ikkje berre på papiret, men var ei reell og synleg endring i heile samfunnet. I dag er talet på kvinner i alle råd og utval frå lokalt til nasjonalt nivå, mykje høgare enn det var før 1994. Målet er 50/50 for alle organisasjonar, forvaltning, politikk m.m. og landet er på god veg til å nå dette målet. – Talet på kvinner i regjeringa influerer ikkje berre politikken, men også korleis kvinner blir sett på i eit samfunn, meiner Marie-Claudine Mukamabano. – I tillegg arbeider me med å endre lovverket og implementere ein nasjonal likestillingspolitikk innan utdanning, landrettar, helse, kriminalitets- og valdsspørsmål. Rwanda har implementert alle FN sine ordningar om likestilling, og informasjon om korleis dette skal fungere er tatt opp frå grasrot til parlament. – Me kjørte frå landsby til landsby fortel Marie-Claudine, og legg særleg vekt på at alle ministrar i regjeringa har ei eiga oppgåve i handlingsplanen for likestilling. I tillegg vart politiet og det militære politikarane sine nære samarbeidspartnarar. – No har vi mange politikvinner, og i dag er dei med for å hjelpe i Sudan. Alt for ofte er ikkje kvinner ein del av fredsprosessane, og denne ekskluderinga gjer at prosessane går mykje seinare og er dårlegare.

Ikkje alt er rosa suksessfylt likestilling i det Marie-Claudine Mukamabano skildrar som det vakre vesle afrikanske landet Rwanda. – Framleis finn me lik etter massakren og framleis er det mange som ikkje kjenner skjebnen til sine kjære. Prosessen med tilgiving har gått føre seg i alle desse åra, og me har eit mål om at alle skal få vite kva som skjedde med familiemedlemmene deira. Når det gjeld likestilling har me mykje i kulturen vår som hindrar full likestilling. Patriarkatet og religionen går ofte hand i hand og påverkar både samfunn og familie i anna retning. Jenter er framleis underrepresentert i høgare utdanning, og generelt treng me mykje opplæring om femininitet og maskulinitet.

Likestillling og likeverd har heile tida vore essensielt for å nå måla, og me eksporterer gjerne kunnskapen om det me har oppnådd til andre, seier Marie-Claudine Mukamabano. - Det som må ligge i botn er evne og vilje til å tilgi og at heile samfunnet hjelper den enkelte med dette. Politisk vilje og godt leiarskap er sjølvsagt også viktig. Me har mål om 0-korrupsjon i politikken og er på god veg til å oppnå dette, fortel ho. - Andre viktige framsteg er at me nå har 12 års gratis grunnskule til alle. Likestilling står framleis sentralt i politikken og mellom anna vil presidenten ha ein likestillingsmånad, så 8. mars er utvida til å gjelde heile mars. Han har også etablert Rwanda Woman Leaders Network. Kvinner har spela ei særs viktig rolle etter folkemordet, og me skal halde fram med å arbeide for likestilling og feire det nye Rwanda, avsluttar Marie-Claudine Mukamabano.